Når eg blir TV-kjendis

NÅR EG BLIR stor skal eg bli superstjerne. Eg skal nemleg bli programleiar på riksdekkjande fjernsyn.

EG STARTAR I DET SMÅ. Først skal eg jobbe i barne-TV. Der har dei utvikla ein suveren variant av programleiing. Først seier ein hallovert at «No er det tid for barne-TV». Deretter kjem vignetten, og så blir sjåarane møtte av ein ny ung hallovert som seier «Velkomen» og fortel kva barne-TV skal handle om i dag. Den unge verten set over til ein tredje programvert som ønskjer velkomen til Tromsø. Om denne verten i Tromsø er meg, så kan eg berre skaffe meg ti minutt rimeleg teiknefilm frå Aust-Europa, og fylle den resterande halvtimen med underhaldande programleiing.

NÅR EG BLIR større kan eg bli presentatør på nyheitene. Då kan eg takke for at den andre programleiaren sette over til meg, før eg set over til ein direktereporter ute i felten, og så kan eg setje vidare til den som skal presentere sporten, som set tilbake til meg før eg set over til nyheitskollegaen min att, som i sin tur set over til vêrmeldaren. Innimellom kan eg setje over til Bergen. Slik kan eg fylle halve sendetida sjølv, utan å plage sjåarane med for mykje innhald.

OG NÅR EG SOM BONUS for god programleiing gjennom mange år får lov til å leie eit prateprogram i beste sendetid, kan eg invitere alle mine programleiarkollegaer frå same TV-kanalen som gjester. Om eg blir nøydd til å snakke med andre menneske, kan eg berre invitere dei skodespelarane og humorfolka som står på lønningslista til TVkanalen vår frå før. Eg treng ikkje slite kroppen min utomhus for å finne nokon å snakke med, og eg treng aldri, aldri meir snakke med nokon som bur meir enn ei mil unna Oslo sentrum.

MEN MÅLET MITT er først nådd når eg blir så kjend som programleiarar at eg blir invitert til prateprogram i andre kanalar. Då kan eg starte med å fortelje at eg ikkje vil snakke om privatlivet mitt, sjølv om eg inst inne har frykteleg lyst. Så kan vi snakke i det vide og det breie om programleiarkarrierane våre, og om programleiarkollegaene våre.

For det er det folk aller helst vil høyre om i beste sendetid. Heldigvis for meg.

(Innlegget har stått på trykk i avisa «Firda»).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s