Polferd for amatørar

EG ERFARTE for lenge sidan at billegvinen kir kom så fort i retur, at det gjekk mange år før eg torde å prøve meg på vin att. Dessutan veit eg at «Norsk rødvin» ikkje er laga på norske druer på ein norsk vingard. Men at kunnskapane mine stoggar der er ikkje så lett å gjennomskue.

ETTER AT det vart sjølvbetjening på Vinmonopolet i Førde går det mindre tid i kø. Men utveljinga av raudvin fører til at samla tidsforbruk er om lag likt.

NÅR EG entrar lokalet ser eg meg målretta rundt, som om eg veit kva vin eg er ute etter. Eg går sakte forbi dei første to-tre hyllene for liksom å få oversikt over dei alt for mange sortane. Samtidig forsterkar det inntrykket av at eg er på jakt etter noko spesielt.

SÅ GLIR EG sidelengs tilbake til første hylla, og tek til å måle den sakte opp og ned. Andre kundar trur at eg leitar etter ein spesiell rioja. Men det eg ser på er sjølvsagt prisen. Over 150 kroner er det ikkje vits i å gå. Når eg kjem heim hugsar eg uansett ikkje kva flaske som var dyrast. Dessutan har eg lese i vinspalter, som eg gløymer å klyppe ut, at det er ikkje alltid er den dyraste vinen som er best.

ETTER Å HA sett meg ut nokre flasker i rett prisklasse går eg inn i nærstudium. Eg ser på etiketten på hylla der symbola viser kor mykje garvesyre som er i vinen, og kor fyldig han er. Resten hoppar eg lett over, til dømes om vinen passar til raudt kjøt, eller til pasta. Det gløymer eg uansett.

DET SER litt tøft ut når eg står ved hylla og liksom veg flaska i handa. Om eg likar etiketten, prisen, mengda av garvesyre og fylde, så hamnar den i handlekorga.

DET GJELD å stanse i tide. Berre ei flaske verkar desperat. Då kan folk tru at eg er dagleg kunde. På den andre sida kan eg ikkje kjøpe kassevis heller. Det ser like desperat ut, om eg då ikkje unnskyldar meg litt forlegent i kassen med at: «Skal ha stort selskap. Jepp. Masse folk.»

OM POLSJEFEN sit i kassen, så ser han på eine flaska mi og seier: «Ja, denne caberneten er god». Eg samtykkjer, som om eg visste det på førehand – at det var cabernet. Dei andre flaskene let han taktfullt vere å kommentere.

PÅ MINDRE enn eit kvarter er eg ferdig. Men polhandelen kunne gått mykje fortare om vinane var merka betre. T.d. med: «Fantastisk», «God», «Drikkandes», «Dårleg», «Ikkje til innvortes bruk» og «Kir».

(Innlegget har stått på trykk i avisa “Firda”).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s