Korleis overleve ein buksehandel

EIN VEN FRÅ nabokommunen gremja seg då han var på kaffibesøk i Førde. «Kvifor ser du heilt knust ut», sa eg. Han svara: «Jo, kjerringa ringde. Ho sa: – Eg kjem til Førde i ettermiddag. Du skulle hatt ei ny bukse»…

DET ER YTTERST få av mine mannlege vener som likar bukseprøving – om nokon. Bukser prøver eg berre ein gong i året, høgst to (irekna prøving av ekstra vide kortbukser før sommaren). Forholda må nemleg vere heilt perfekte.

FOR DET FØRSTE vil eg handle aleine. Eg krev at ekspeditøren og eg skal få avgjere alle livsviktige val som storleik, merke, farge, «den var no litt sid» osv., utan innblanding frå kvinneleg tredjeperson. Så får eg heller tole ein kommentar når eg kjem heim. (Men i rettferdas namn er det oftast skryt å få når eg har vore på bukseekspedisjon på eige initiativ.)

DERNEST MÅ handelen skje når det ikkje er nokon som helst fåre for trengsel. Og eg stiller svært store krav til seljaren: Dei kan ikkje krevje at eg som kunde skal gå rundt og vite kor vid og sid bukse eg treng. Seljaren må kunne «sjå» måla mine ved å kaste eit blikk på meg. Å be meg prøve eit par bukser for å finne rett mål er uaktuelt. Vedkomande kan til nød få måle meg og deretter gje meg ei bukse til prøving.

SELJAREN KAN gjerne vere ei kvinne, men må ikkje vere alt for ung, pen og uforlova. Eg har framleis liggande ei dongeribukse frå då både kona og den unge kvinnelege ekspeditøren såg meg utføre det kunststykket å dra den på meg. Eg snurra meg rundt og seljaren sa: «Den passa visst fint». Full av sjølvtillit drog eg samtykkande i linningen og sa: «Trur jammen det er litt å gå på også». Men då vi kom heim var den minst tre nummer for trong – heilt uråd å kome ned i.

PÅ DEN MOTSETTE sida har eg erfart at det ikkje er lurt å handle hos ein seljar som får meg til å slappe for mykje av i magemusklane. Eg har nemleg også kome heim med bukser som er to-tre nummer for vide.

PRISEN SPELAR liten rolle når eg augnar slutten på handelen. Har eg funne ei bukse som passar, så nyttar eg det geniale trikset at eg kjøper to til av same sorten. Einaste ulempen med dette er at folk eg omgir meg med til dagleg trur at eg går i same buksa veke etter veke. Men det får våge seg. Det finst nemleg det som er verre enn eit dårleg rykte. T.d. bukseprøving.

(Innlegget har stått på trykk i avisa “Firda”).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s