Nett ikkje lett

KOLLEGAEN MIN er flink til netthandel. Han passar på at eg får høyre om dei siste kuppa på eBay og QXL. Til dømes då han kjøpte ei prektig Hardy flugestong frå England. Eg fekk også høyre det då han kjøpte ei til. Og endå ei.

«GREIER HAN så greier eg», tenkjer eg. Med kaffi og PC trålar eg eBay i Europa og USA, og finn stenger i hopetal. Eg legg inn bod på mange, og ein av auksjonane vinn eg!

LIKE ETTER kjem eg over eit tyskprodusert gammalt Sogn og Fjordane-kart, som vil høve perfekt i ei A3-ramme eg har.

EG HOVERER med kuppa overfor kollegaen min. Men før eg får fortalt alt, kan han fortelje at han har fått endå ei flugestong i posten, og at han har vunne bodrunden på ein saksofon.

KONKURRANSEINSTINKTET vaknar i meg, og eg leitar frenetisk etter instrument. På ein tysk auksjon kjem eg over ein flott koffert med både trompet og flygelhorn i. Til mi store overrasking får eg tilslaget for ein latterleg låg pris.

VEKENE GÅR og kollegaen min får saksofonen sin. Men det er ingenting mot det eg ventar på. Først kjem Sogn og Fjordane-kartet, sendt som brev i vanleg konvolutt(!) Inni… Inni ligg det eit kart, like lite som eit heilt vanleg postkort.

OK, EG BOMMA på første forsøk. Men dei store summane var det ikkje snakk om. Heretter kan det berre gå ein veg.

ETTER NOKRE månader etterlyser eg flugestanga hos Posten. Avsendar kan dokumentere at den er sendt, men postvesenet greier ikkje å oppspore pakken… Skitt la gå, for når det gjeld det store instrumentkuppet har eg fått tilsendt pakkesporingsnummer, og ser at den er på veg frå Tyskland.

PÅ POSTKONTORET ventar snart ei diger øskje polstra med tyske aviser. Inni ligg ein solid svart instrumentkoffert. Eg opnar mitt livs røvarkjøp. Men kofferten er tom. Heilt totalt tom…

ETTER Å HA henta meg inn att sjekkar eg på nettet kva det sto i opplysningane om det eg har kjøpt. Då demrar det. Eg var viss på eg hadde kjøpt «Koffer mit Trompete und Flügelhorn». Men når eg ser etter manglar ordet «mit». Eg har slått til på ein koffert FOR trompet og flygelhorn. To instrument som eg aldri nokonsinne har hatt…

NO ER EG på ny leit på nettauksjonane verda over. Oppgåva mi er å finne: «Trompete und Flügelhorn ohne Koffer».

(Innlegget har stått på trykk i avisa “Firda”).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s