Svolten på ikkje-mat

  • 2 l mjølk
  • 1 vernebukse
  • smør
  • 1 bærbar PC
  • 1 pk. gjær
  • gulost
  • 1 dregg
  • 1 liten kommode (furu)
  • 6 egg

SLIK KAN EI HANDLELISTE til ein og same butikk sjå ut i våre dagar. Før var det dei gamle kjøpmennene som hadde eit slikt «assorteret» utval. Der kunne du handle både motorsag, brudekjole og skulebollar.

Så kom ei tid der spesialforretningane blømde, og du gjekk til musikkforretninga for å kjøpe LP, til K-kjøpmannen eller bakaren for å handle brød, og til elektrobutikken for å kjøpe TV. Men på nittitalet slo dei store matvarekjedane seg opp for alvor. (Sa eg «matvare»?) Då la eg for første gong merke til at dei selde såkalla «non-food» – ikkje-mat. Butikkeigarane vil sjølvsagt tene mest mogleg pengar. Dermed utnyttar dei storleiken sin ved at dei kan forhandle fram avtalar om t.d. eitt enkelt elektroprodukt som dei kan selje rimeleg. Spesialforretningane er på si side nøydde til å ta inn heile breidda av slike varer, og får eit dyrare varelager.

OG SJØLVSAGT LET EG meg lokke. Har eg likevel ønskt meg ein ny DVD-spelar, kan det hende eg plukkar med meg ein mellom syltetøyet og knekkebrødet. Namnet på spelaren høyrest nesten ut som eit kjent merkenamn, men sluttar på «x». Men kva gjer det når spelaren er så billeg at eg strengt tatt kan kaste han når han ikkje virkar lenger, og kjøpe ny. Tvilar i alle fall på at eg tek han med inn att og klagar. Og det vel vel truleg det det butikken spekulerer i også.

Eigentleg skulle eg ønskt at det ikkje var slik, og at eg heller var tvinga til å planleggje slike innkjøp, besøke ei spesialforretning, lytte til gode råd, og kjøpe kvalitet. Men handlemuskelen vert ikkje styrt av fornuften, og eg raskar gjerne med med ein liten TV når prisen berre utgjer ein tredel av kassalappen.

DERFOR VONAR EG at marknadskrefterleiinga tek ansvar, og i framtida sparar meg for impulskjøp av det som før vart kalla kapitalvarer. Frykta mi er nemleg at handlelappen min om nokre år ser slik ut:

  • 1 sofa
  • 2 kg mjøl
  • 1 lita stasjonsvogn (med bensin)
  • 2-roms husvære
  • 1 kg sukker
  • snus
  • 1 veke ferie på Tenerife
  • 1 nytt forbrukslån med refinansiering og avdragsutsetjing
  • 1 pk taco

(Petiten sto på trykk i avisa Firda 25. mars 2006)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s