Då klokka forsov seg til vintertid

Eg har aldri hatt vanskar med å leggje til eller trekkje frå ein time tidleg om våren og seinhausten når vi skiftar mellom sommartid og vintertid. Det vil seie: Eg har aldri fått problem med døgnrytmen og svevnen. Men eg har slite med å hugse kva veg eg skulle stille klokka. Det finst likevel dei som har opplevd verre ting…

Seint denne laurdagskvelden, nærare bestemt natt til søndag 29. oktober, skal vi stille klokka ein time tilbake. Når klokka er 03:00 skal vi stille den til kl. 02:00.

Eg har lært meg hugseregelen om at vi alltid skal stille klokka mot den næraste sommaren. Om våren skal vi stille klokka fram mot sommaren, slik at den kjem litt nærare. Om vinteren skal vi stille klokka tilbake mot sommaren, for å få den til å vare ein time lenger.

Men for fire-fem år sidan kunne eg ikkje denne regelen, og kom dinglande heimatt i tretida natt til søndag etter å ha vore på krabbebord hos naboen. For å sjekke kva veg eg skulle stille klokka før eg la meg slo eg på PC’en for å sjekke på internett. Eg tok ein råsjans og skreiv inn adressa http://www.klokken.no. Og jammen kom der fram ei side. Men der var ikkje klokka justert for vintertid. Eg skreiv derfor ein epost til den nettansvarlege, og tipsa om at vi no hadde gått over til vintertid, og at eg sakna informasjon om det på nettsida.

Dagen etter låg det eit svar i innboksen min: «NEEEEEI! Jeg forsov meg… Jeg hadde stilt vekkerklokken på 3.00 for å stå opp og korrigere nettsiden. Men klokka ringte aldri…»

Histora er heilt sann. Den nettansvarlege for klokken.no hadde to oppgåver i løpet av eit heilt år – å stille klokka i skifte mellom sommartid og vintertid. Verdas enklaste jobb. Det er vel overflødig å nemne at nettstaden no er nedlagt?

P.S. Hos konkurrenten, klokka.no, er det framleis mogleg å sjå kva klokka er. Les meir om sommartid i Wikipedia. D.S.

(Petiten sto på trykk i avisa Firda 29. oktober 2006)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s