Donald-metoden

Eg hadde lenge stor tru på å felle tre etter Donald Duckmetoden. Heilt fram til eg måtte ta eit iskaldt elvebad, med eit digert tre over meg.
Eg fekk løyve av både kommunen og grannelaget til å felle ei skeivvakse osp på offentleg grunn like ved hagen vår. Treet var ikkje fint å sjå til, der det hang utover elva Anga og sperra for utsikta.

No skal det med ein gong seiast at eg ikkje har opplæring i trefelling med motorsag. Dette er heller ikkje ei evne som ligg naturleg i genane mine. Og når sant skal seiast er vel også det teoretiske grunnlaget forholdsvis tynt. Men eg var brukbart utstyrt med verneutstyr, og motorsaga var nyslipt.

Planen var å kutte eit stort trekanta hakk i stammen på den sida som vende vekk frå elva, og deretter kutte skrått nedover frå andre sida til treet fall av seg sjølv. Slik har eg sett at Donald Duck har gjort det med stort hell. Men den store utfordringa var at treet lente seg tungt ut over elva. Det pleier ikkje trea til Donald å gjere. Utrekning av masse, tyngdekraft, hellingsgrad, og kor mykje muskelkraft som skal til for å vippe treet andre vegen, tok eg meg aldri tid til å rekne ut. Då hadde eg ikkje vore ferdig enno.

Det enklaste var derfor å tilkalle to gode naboar for at dei skulle dra treet i motsett retning. Min enkle teori gjekk ut på at dersom tauet vart festa godt over midten, så var det langt nok over tyngdepunktet til at to sterke naboar kunne vippe det andre vegen. Naboane kom, og stilte seg opp utanfor faresona og drog i tauet, medan eg skulle briljere med Donaldmetoden.

– Tømmer, gaula eg for å varsle dei som stod på land, då saga nesten hadde komme gjennom stammen. Men det var heller bekke-auren eg burde ha varsla. Den ti meter høge ospa var for topptung, og endå kor sterke eg såg føre meg at nabokarane er, så kunne dei ikkje gjere anna enn å sleppe, medan eg pilte vekk. Treet deiste ut i elva så vasspruten stod. Ein del av treet hang framleis fast i stammen, og det la seg halvveges over mot andre sida av elva. Ei av greinene låg kilt mellom to steinar, og gjorde at treet låg i ro vinkelrett ut frå elvebreidda, trass i enormt press frå vatnet.

Eg såg med skrekk føre meg at treet kor tid som helst kunne bli ført nedover mot Jølstra og ta med seg eit par flugefiskarar på si ferd mot Førdefjorden. Deretter såg eg tydeleg føre meg at teknisk sjef Øberg, lensmann Fonn og betjent Tvinde kom gåande langs elvebreidda for å saumfare talet på årringar på kvar einaste stubbe oppover Angedalen. I slike tilfelle dreg Donald til Langtvekkistan. Så enkelt var det ikkje for meg, sjølv om Botnen, inst i dalen, kunne ha vore eit alternativ.

Eg frykta at det var sakførar og ikkje sagførar eg ville få mest bruk for i framtida. Derfor såg eg ikkje anna råd enn å dra på meg vadebukse og hoppe ut i elva med motorsaga høgt heva. Treet var sikra nedst med tau slik at vasskrafta skulle føre det inn til elvebreidda så snart det var skore fri. Eg kappa delvis over og delvis under vatn, utan at treet rikka seg. Einaste utvegen eg såg var å gå på nedsida av treet og kutte i nokre greiner der.

– Idioti, ville mange sagt. Og det ville dei sjølvsagt hatt heilt rett i.

Då eg så vidt hadde saga i greina på nedsida, kom treet sigande mot meg, raskare enn eg greidde å komme meg unna. Ospa rulla på føtene mine, opp til låret, og pressa meg ned. Eg greidde så vidt greidde å halde imot med låra. I vatn frå halsen og ned fekk eg, forholdsvis beherska, sagt frå til karane på elvebreidda at eg trengde hjelp – brennkvikt. For medan Donald kan reise seg – flat, men frisk og rask – etter å ha blitt nedvalsa av eit par tonn, så rekna eg det ikkje som sannsynleg at eg ville greie det same. I alle fall ikkje under vatn.

Eine naboen hoppa fullt påkledd i elva, og fekk halde treet såpass at eg fekk laus beina og kunne hoppe over treet då elva tok tak i toppen og førte det i ein stor sving inn til elvebreidda. Kva er så lærdommen av dette? I framtida bør eg anten overlate slik felling til proffane, eller eg kan ta eit sikkerheitskurs. Og så bør eg for alltid hugse at den hissige anda ikkje blir kalla heldige Anton – men uheldige Donald.

Trefelling etter Donald-metoden. Teikning: Arnstein Mygland.
Trefelling etter Donald-metoden. Teikning: Arnstein Mygland.

Historia stod på trykk i avisa Firda 29. januar 2008.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s