Kjære Mr. Bruce Springsteen – Velkomen til Førde

Kjære Mr. Bruce Springsteen

Dette er ein invitasjon til eit samarbeid vi vonar du har høve til å seie ja til.

Ein ikkje så alt for lang flytur unna heimlandet ditt ligg, som du veit, eit lite og værbitt land du besøkt tidlegare. Du har halde store og flotte konsertar i den norske hovudstaden, og vi vonar du har likt deg her. Både publikum og presse har vore fulle av lovord.

No ønskjer vi å invitere deg og familien din til ein landsdel som ligg nær røtene i mykje av musikken på den siste plata di, «The Seeger Sessions». Den amerikanske folkemusikken som du og musikarane dine tolkar der kling utruleg godt i norske øyrer.

Landsdelen vi snakkar om er Vestlandet, landet med f-ane: djupe fjordar, høge fjell, svingande felemusikk, «rough food» – og Førde. Sistnemnde er nemleg namnet på ein liten bygdeby i hjartet av denne naturperla.

I Førde har eldsjeler i årevis makta å skape ein intim og sansevekkjande festival med utøvarar og folkemusikk frå heile verda. Problemet er å nå ut andre vegen, ut til verda. Men om vi får ein publikumsmagnet vil folk i same slengen oppsøkje konsertar med dei mindre kjende utøvarane, ein metode dei store norske jazzfestivalane har hatt suksess med. I denne samanhengen hadde det vore fantastisk å få deg og kona di på besøk.

Vi kan ikkje tilby honorar på line med konsertarrangørane i storbyane. Men vi kan tilby ei avslappande og uformell atmosfære der de kan rusle fritt i bygda og naturen rundt, fiske etter laks i elva, ta ein svalande tur på isbreen eller ein forfriskande tur ut i havgapet – med eller utan gitar.

Pågangen frå publikum kjem til å vere større enn Førde kan huse. Men vi set opp bussar frå og til storbyen Bergen. Dessutan ser vi føre oss at mange av dei besøkande overnattar etter Woodstock-metoden, under medbrakt tak. Konserten set vi opp på eit stort jorde sentralt i Førde.

De skal få spele med eit band med nokre av dei beste norske musikarane innan denne sjangeren. Dei vil vere med på å skape den upolerte «sounden» frå rotekte folkemusikk, som de har gjort så stor suksess med. Om de kjem hit ein dag eller to i førevegen, så kan de instruere dei norske musikarane slik de ønskjer. Og de må gjerne ta med andre artistar frå festivalen på scena til ein eksotisk jam session.

Begge partar har mykje å tene på dette. Festivalen vår har nyleg fått auka løyvinga frå det offentlege, men vi slit med at vi får for lite merksemd. Vi ønskjer derfor å bruke ein heil del meir midlar på PR. Det hjelper korkje å kjefte på eller prøve å smørje journalistane i hovudstadspressa, eller sende ut pressemeldingar på gullpapir. Vi er også redde for å bli stempla som kommersielle. Det beste vi derfor kan gjere for å skape blest kring festivalen er å få deg og kona med på ein «once-in-a-lifetime-experience».

Lat det ikkje vere tvil om at vi vil leggje oss selen for å gje dykk ei best mogleg og behageleg oppleving medan de er her. Hjarteleg velkomne skal de vere!

(NB! Til festivalleiinga: Dette er utkastet mitt. Fint om de kan omsetje det, og deretter sende brevet av garde. Om Bruce og Patti seier nei, så kan de i staden t.d. invitere Van Morrison og Sinead O’Connor som kan tolke irsk folkemusikk på scena i lag. Helsing Arild.)

Innlegget er trykt i Firda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s