No money – no problem

– No money, seier vi.
– No problem, svarar dama.

Dette skjer i vinterferien, langt unna nullføre og vedfyring. Nærare bestemt i Thailand.

LOMMEBOKA er av ein eller annan grunn tom, trass i at prisane berre er ein brøkdel av dei norske. Alle fire har tinga middag, dessert og drikke, og rekninga kjem til å ende på svimlande 620 baht, det vil seie kring 100 kroner. Den smilande kafedama, som eg aldri har møtt før, skjønar problemet når eg spør om det er ein minibank i nærleiken. – Ikkje noko problem, du kan betale ein annan dag, seier ho.

HADDE DETTE skjedd på ein kafe heime i Sunnfjord hadde eg svima av tvert. Men sjølv i eit land der turismen er olja, og der smil og service ligg i sjølve kulturen, er det vanskeleg å skjøne at eg skal få lov til å krite eit måltid som kostar ei dobbel thailandsk arbeidarløn. Fleire slike dagar på rad, der vi som kundar vert sett i høgsetet i det vi nærmar oss dørstokken på serveringsstadene, gjer at eg kjenner meg bortskjemt.

DERFOR HAR EG ein draum om at vi ein gong, kanskje i «det internasjonale smileåret» eller noko slikt, skal kunne nærme oss døra på ein tilfeldig valt serveringsstad her vest. Der står servitøren klar og opnar døra, bukkar og ønskjer oss smilande velkomne. Han foreslår bord, og bukkar på ny sjølv om vi heller vil ha eit anna. Han deler ut ein blom til kvar av oss, legg servietten i fanga våre, småpratar og underheld ungane, og spør om vi ønskjer ein aperitif.

ETTER Å HA VALT frå ein meny med meir enn 100 rettar får vi servert maten, rykande varm med knasande friske grønsaker. Salaten ved sida av inneheld alt anna ein kinakål. Vi får tilbod om meir chili når sausen viser seg å vere for mild. Desserten er eit lite kunstverk i seg sjølv, med blanda frukt utskore i intrikate mønster. Nesten for flott til å ete.

MEN SÅ ser det ut til å vere slutt på alt som er bra. For når tida er komen for å gå, oppdagar eg til mi fortviling at lommeboka ligg att heime. – Ikkje noko problem, smiler servitøren, du kjem vel attende ein annan gong?

(Petiten sto på trykk i avisa Firda 4. mars 2006)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s