– Har de noko gratis?

For ein hobbymaterialist som meg er det liksom noko magisk med alt som er gratis. Stort sett er rett nok gratistinga slikt som eg ikkje treng. Men det er ikkje dei logiske evnene mine som vert tekne i bruk når eg høyrer ord som «hurtigsvarspremie», «velkomstpakke» og «gratis prøveabonnement».

Tidleg i haust var me på Voss og kjøpte skulesekk til førsteklassingen vår og storesystra. Heime i Førde fekk dei gratis refleksvest med logoen til lokalavisa, timeplan frå bokhandlaren, matboks frå meieria, refleks frå fylkeskommunen, og mappe frå banken. Og på Voss delte ein bokhandel ut ei gratis bok, utan reklame, til alle førsteklassingar. Alt dette er ting som dei per definisjon treng. Verre er det med meg.

Gratisting i handlepose

Då eg sjølv var i grunnskulealder på syttitalet tykte kameratane mine og eg det var stor stas å gå på Vangen og få noko gratis. Me hadde med oss ein grønbrun berepose frå L/L Voss Handelslag og tråla gatene på gratisjakt. «Har de nokke gratis?», var spørsmålet som skulle få myndige kassadamer og strenge bankfunksjonærar til å smelta. Og det virka. Truleg ikkje fordi me var så søte, men fordi det var lettaste måten å bli kvitt oss på.

Ikkje nok med at me fekk gratis timeplan i mange butikkar, men me fekk endåtil fleire av kvart eksemplar fordi me også skulle ha med til alle syskjena me laug på oss. I bankane var det mest stas, for der me fekk både linjal, timeplan, leksebok, og kanskje ei (tom) lommebok. Me var endåtil innom Hotell Vossevangen då me kom til enden av gata, og fekk med oss kvar sin serviett.

Kjem av seg sjølv

Rett nok har eg slutta å gå rundt og spørja i butikkane om dei har noko gratis. Men eg tek med meg ein kalendar frå daglegvarebutikken ved årsskiftet, og ein smaksprøve på suppe når det likevel vert delt ut gratis.

Dei fleste gratisgreiene kjem nemleg nesten av seg sjølv, heim i posten. Alt eg treng å gjera er å teikna eit abonnement utan binding, slik at eg får både hurtigsvarspremie og velkomstpakke for berre kroner 19,50 (pluss kr. 69,50 i porto og eksp.). Nesten gratis.

No sist teikna eg abonnement på eit blad om heimesnikring, og fekk eit kjekt og nyttig trådlaust termometer. Så snart eg fekk velkomstgåva sa eg opp abonnementet, og slapp billegare unna enn om eg skulle kjøpt termometeret i butikken. Om eg hadde bruk for det visste eg eigentleg ikkje før eg fekk det.

Eg er ein skap-gratisfetisjist

Eg legg herved korta på bordet: Eg er ein skap-gratisfetisjist. Det har eg vore i årevis. Og eg driv ei kynisk og rå utnytting av postordregigantane. Merkeleg at dei ikkje går konkurs, forresten. Kanskje eg driv aleine i utnyttingsbransjen?

Ein skulle tru at eg etter kvart skulle ha blitt svartelista hjå desse selskapa. Men nei. Så snart eg har sagt opp abonnementet mitt på National Geographic, så kjem det eit nytt venleg tilbod i posten der eg kan få fleire blad, og ei fleece-jakke med National Geographic sin logo, om eg teiknar abonnement. Nok ein gong tykkjer eg det er artig å lura dei, brutal som eg er. Utan dei føresette si underskrift skrapar eg feltet for hurtigsvarspremie, limer inn bonusklistremerke på nøyaktig rett plass for å få velkomstpakke (dei greier ikkje snyta meg for den), tingar abonnement, og får det heile i posten. Ei stund etter får eg jakka, som ikkje er tjukk nok til å varma meg på ein haustekspedisjon dei tre metrane ut i garasjen, men den har då logo på og er gratis den også.

Det verst tenkjelege

For 15-20 år sidan var det Det Beste som var banebrytande direktereklame, då dei sende personlege brev der namnet var fletta inn fleire stader nedover i teksten. Det Beste var «Kongen».

I eitt brev sto det: «Kjære BRAATHENS SAFE, du som bor på BERGEN LUFTHAVN FLESLAND. Har du ikke alltid lurt på hvordan Norge ser ut ovenfra? Nå kan vi tilby deg praktverket: Norge sett fra luften».

Breva mine starta starta stort sett slik, gjerne med ei feilstaving eller to: «Kjære ARLD NYBO. Du er en av 5 personer i VOSS som er plukket ut til å motta denne enestående gaven» Eg tinga bøker, og melde meg ut att så snart eg fekk dei to teskeiene i messing som var hurtigsvarspremien. Oppseiingsbrevet gjorde eg alltid klart på same tid som eg sende tinginga. Men på eitt eller anna tidspunkt slutta Det Beste å senda brev til meg. Sånn utan vidare.

Eg fryktar at det verst tenkjelege har skjedd; at eg er svartelista. I så fall tykkjer eg det er ein prestasjon som i seg sjølv er verd ein premie. Ein trøystepremie kanskje. Heilt gratis.

(Denne teksten sto på trykk i avisa “Hordaland” på Voss i 2004.)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s